My Adventure

For ei veke sidan kom eg heim att til Noreg etter ein FANTASTISK tur !

Eg sit og dagdrøymer meg attende til dagane i Sør Afrika og Australia.

Reisa, dyra, kulturen og opplevelsane eg har hatt gjorde dette til ein flott tur,- og eg må særleg ta med alle dei fantastiske folka eg vart kjend med.

Ein får vener for livet ! Nokre av dei eg har møtt er alt i gang med å planlegge neste tur me skal ha saman.

Før eg fortel om reisa mi, vil eg gje ein STOR takk til GoXplore som har hjelpt meg med alt ! Eg byrja å reisa for eit og eit halvt år sidan, og dei har vore tolmodige med meg heile tida. Sjølv om eg har bombandert dei med spørsmål. (Sirill du er RÅ!! Rabiya, takk for tolmodet ditt med flybillettane!)

Sør- Afrika. Letsatsi a la Africa (Predator Adventure Park)

Eg har faktisk vore heile 3 gonger i Letsatsi a la Africa på 16 månader.

Eg fekk god kontakt med dei som jobbar der alt fyrtse gongen. Familien som har farmen er kjempekjekke, og intresserte i å læra frå seg alt dei kan om dei ulike dyra dei har ansvaret for. Og alle som jobbar på garden får deg til å føla deg svært velkomen.

Eg har vore med sjefen på "roadtrip" ei helg der me køyrde og henta to løver,- veldig spanande! Dertil fekk eg vere med Cobus, som sjefen heiter, for å bedøve to springbukkar (ein antilope- art) frå hellikopter.

Eg har hatt ansvar for å lage til mat for dyra og lære vidare til nye frivillige.

Om du leiter etter ein farm som har "mest mulig dyr", så er dette rette staden!

Dei deler dei frivillige i grupper på to, og du byter gruppe kvar veke.

Den eine gruppa er du ute og arbeidar på jorda med dei store dyra som held til utanfor farmen. Der ha dei alt frå giraffar og zebraer til bøfflar, mange antilope- atarantiloper og meir til.

Arbeidet du utfører, vert lagt opp etter årstida du er der. Men det er alltid noko å gjere,- som mating, eller å byggje nye portar, setje opp og reparere gjerder, slå gras osv.

Den andre gruppa jobbar inne på sjølve farmen. Der lager du mat til- og fórar "smådyra" som til dømes surrikattar, baby- villsvin, apekattar, hundar, små antilopar, strutsar .. you name it! Og så må du gje baby -løvene, -tigrane, -cheetane og -ulvane (samt nokre til) tåteflaske. Slik kjem du svært tett innpå desse dyra, og kan kosa med dei.

Om kveldane set du anten i spisesalen og snakkar med dei andre, eller så tenner ein bål der ein kan sitje å kose seg,- kan hende med noko godt i glaset.

Ein gong i veka tek dei deg med til den lokale butikken for å handle go'saker.

Og ein eller to gonger under opphaldet vert du med til eit svært kjøpesenter der ein kan handle eller gå på kino.

Maten er kjempegod. Er ein vegetarianar som eg, kan eg sei at Miriam,- som står for matlagininga,- veit å laga god veggiemat ! Frukost finn du skjølv. Lunsh vert servert klokka eit og middag seks om kvelden.

Arbeidsdagen startar klokka sju. Det er pause mellom klokka eit og to om ettermiddagen. Deretter er det jobbing fram til klokka fem.

For meg har det vore kjekt å fylgje med på korleis dyra veks og utviklar seg over dei tre gongene eg har vore der.

Australia

Etter ein månad i Sør Afrika, sette eg kursen for Down Under. Bedre kjend som Australia. Eg reiste saman med ei dansk jente som eg møtte under opphaldet på farmen i Sør Afrik i fjor.

Då me kom til Australia, var me fyrst ei veke i Sydney der me såg oss litt rundt.

Var innom voksmuseum, Sydney Opera House og Bondi Beach.

Deretter drog me til surfeskulen.

Surf Camp.

Fy steike kor gøy ! Me nytta dei fyrste dagane til å læra teknikken med å "ri på ei bylgje", korleis ein skal stå på brettet, kva stader det er fint å surfe og korleis du skal døme temperatur, sjø og vind med tanke på surfing.

I starten var det veldig vanskeleg, og ein vert lett frustrert. Men ein lyt halde motet oppe. Men dei siste dagane av fem dagars- kurset vart eg faktisk god til å surfe. Om ein kan sei det slik. Då vart eg med ut til dei store bylgjene, og det er fyrst då du finn ut kor gøy det er å surfa ! Kvar gong du klarer å stå oppreist på ei bylgje, strøymer adrenalinet igjennom deg, hehe. Eg hadde til og med to ville delfinar symjande rundt meg,- berre ti meter frå meg !!

Tarmworth - 11 Dager cowboy skule.

Detta er perfekt for folk som ynskjer kjennskap om korleis det er å vere ekte cowboy! Den fyrste dagen går med på å bli kjendt med dei ansette og området. Derpå får du utdelt hest etter dine rideerfaringar. Desse hestane er verkeleg imponerande å jobbe saman med. Dei veit kva dei skal gjere, og er tilpassa det kuperte terrenget.

Dagane er svært varierande. Alt i frå "sorting of cattle" eller "mustering cattle" ,- altså skilla kveg fra ulike innhegningar,- til å flytte dei frå beite til beite.

Her set du ofte lenge på hesteryggen. Difor er det nokre dager hestane for kvila seg, og du gjer anna enn å ri. Då får du prøvd deg på korleis det er å klippa sauer med maskin. Du lærer lassokasting, og korleis ein skal svinga pisken. Dette er kun for gøy då du ikkje nyttar pisk i jobben.

I tilleg skal anna arbeid gjerast: Setje opp gjerder, reparere gjerder, male og meir til.

Brian Skerret, som er heile 92 år, er sjefen. Han slutta å ri i fjor, men han er veldig interessert i å bli kjend med kvar person som kjem for å hjelper til på ranchen.

Han har masse kunnskap om hestar og gardsbruk. Han er ein kjempekoseleg eldre kar ein kan sitja å snakka med i timevis. Når ein er ute på jordet og jobbar med kveg, er han alltid der for å halde auge med korleis arbeidet vert utført.

Elles jobbar du med dei andre som syner deg korleis du skal handtera ulike situasjonar frå hesteryggen. Rett som det er, ser ein ville kenguruar som hoppar rundt omkring.

På slutten av opphaldet får me ein dag med leikar på hesteryggen. Det er berre så utruleg moro ! Leikane kan vere å ri med eit glas vatn, eller sammla inn flagg fortast mogleg. I tilleg for du prøvd deg på trav og galopp mellom og rundt pålar.

Som du skjønar hadde eg det kjempekjekt, og det var veldig lærerikt saman med dei sju andre eg vart kjend med. Det er mykje jobbing fra sju- åttetida om morgonen til fem- sekstida om kvelden, men ein trivest med det. Brian plar velgje ut nokre mot slutten av oppholdet som han spør om dei er intresserte å bli verande der for å jobba for han ei tid.

Wildlife Habitat -Port Douglas.

Før du dreg til reservatet, bur du nokre dager på hostellet i Cairns for å bli kjend med dei andre som har melt seg på samme prosjektet. Ein vert også sjølvsagt kjend med mange andre som oppheld seg der. På Gilligans- hostellet er det eit nytt tema kvar kveld på nattklubben som høyrer til. Basseng har dei også. Kjempekjekt, og veldig fin stad.

Når du kjem til Wildlife- prosjektet fyrste dag, vert det orientering og informasjon om vekene du skal jobbe der. På Wildlife Habitat har dei kun dyr som er fra Australia, og det er langt fleire enn ein skulle tru. Reservatet er for lokale og turistar som har høve til å bruke ein dag der. Du får utdelt eigen uniform som skal nyttast når du er på jobb.

Det er delt inn i tre områder. "Grassland": Det er her alle kengeruane, og dei ulike Wallabyane held til samt emu, saltvatn- krokodillar og vatn/elve- krokodillane.

Så har du "Wetland": Her er det mange artar ender og fuglar

Dertil har du "Rainforest": Her har dei nasjonalfuglen som er ein "Cassowary", flaggermus, mange artar eksotiske pappegøyar og meir til. Elles finn du baby- krokodillar, slangar, reptilar, frosker og koalbjørnar.

Du vert sett til ulike jobbar kvar dag. Men aller fyrst hjelper ein til med å ta ut alle pappegøyane og ugglene som skal på bestemte plassar. Deretter er det å vaske koala- området, vaske og spyle "press" (staden der turistar tek bilete med dyra), rake området der koalabjørnane held til,- eller å vaske "wetblock" der dei sjuke dyra, eller dyr som er i karantene er.

Etter at dette er gjort, hjelper du til på "food preparation". Det mange hundre dyr her, så det kan lett ta to til tre timer å kutte opp frukt og mat til dei. Det kjem an på kor mange som deltek i dette. Men det må gjerast, og etter mi og andre si meining er dette ei triveleg stund då ein snakkar saman, høyrer på musikk og har det moro medan ein jobbar. Etter lunsh som er halv eit, jobbar ein samn med ein av "the keepers".

Det er interessant for då brukar dei meir tid på å lære deg ting, og du får ofte høve til å halde slangar og reptilar.

Eg likte veldig godt å jobbe på alle dei ulike stasjonane, men la min elsk på området der kenguruane og wallabyen held til. Her kan du kosa med dei medan du jobbar. Turistar går rundt omkring, og dei stiller stundom spørsmål. Så får ein svara så godt ein kan....he, he.

Pappegøyene og koalbjørnane er fantastiske flotte, og på slutten av opphaldet får du bilde saman med ein koalabjørn eller ein reptil.

På ettermiddagen i tre – firetida køyrer dei deg attende til hostellet ein bur på under opphaldet, som er kun fem minutt køyring fra arbeidsstaden.

Noko eg tykte var veldig fint, er at dei er medvitne om at me hjelper til som friviljuge. Slik at om du treng ein dag fri, eller skal på utflukt, lagar du berre ein avtale med dei. Rundt omkring i området i Port Douglas er det mykje å gjere på fritida. Som å snorkle, eller dykke i The Great Barrier Reef, hoppe i fallskjerm eller i strikk, delta i utfluktar eller vere med på andre aktivitetar.

I resepsjonen skriv ein seg på aktivitetane ein vil delta på, så sender resepsjonen påmeldingane inn. På denne måten for me gode prisavslag etter som me deltek i friviljug areid.

Eg var med på alle aktivitetane eg nemde. Å snorkle var kanonkjekt ! Mange fine og fargerike fiskar å sjå. Også her var det ville delfiner som symde rundt båten.

Om ettermidagane kan du gå til stranda som ligg like ved. Der kan du leige flytemadrasser eller fotballar. Slik kan du nyte ettermidagen saman med venner ein er blitt kjend med med på og utanfor prosjektet.

Port Douglas er ikkje så altfor stort, slik at det er lett å finne fram når du blir kjend med staden. Det er mange fine suvenirbutikkar og vanlege butikker ein kan handle i.

Det er også mange restaurangar. Også pubar som vert mykje nytta i helgane.

I matvarebutikkane handlar du inn matvarene du treng, og lagar deg mat på felleskjøkenet på hostellet.

Ettersom Port Douglas ligg ved regnskogen, er det veldig klam luft der. Det kjem noko an på årstida. I slikt klima trivest myggen, så det er lurt å kjøpe myggspray og antiklø krem.

Eg hadde da så gøy at eg blei igjen ei ekstra veke i Cairns. Grunnen var at eg hadde fått meg så mangen venner, og klarte rett og slett ikkje å reisa frå dei !

To av oss sykla faktisk den eine dagen fra Cairns til Port Douglas, ein tur som tok oss nær fem timar kvar veg (Éin time i bil). Me sykla avgårde for å møte dei andre "backpackerane" som budde og jobba der.

Etter opphaldet i Australia reiste eg til Madrid for å vere saman med familien min på mamma si sida nokre dagar. Ho er nemleg spansk.

Deretter var eg innom Danmark på veg for å helse på nokre danskar eg hadde blitt kjend med på tidlegare på denne reisa.

Som sagt: I desse prosjekta får ein vener for livet !

Eg sit her og reflekterar medan eg skriv, tenkje på alt eg har opplevd,- og rår alle til å prøve det same !!

Eg har opplevd så utrulig mykje på tre månader. Har snakka så mykje spansk og engelsk at no når er attende i Noreg går det stundom i surr for meg :).

Neste gong eg reiser, vert eg i alle fall verande i eit år.

Med det eg her har fortalt, vonar eg at du også får lyst til å pakke sekken og setje kursen mot undersida av jordkloden :)

GOD TUR !

Reisebrev fra 2015

Lyst til å oppleve noe lignende?! Dette er et reisebrev fra Wildlife Habitat Australia.

Ring eller send SMS

Hjem » Reisebrev » My Adventure

Siste nyhet: Unike muligheter for deg som er glad i hest!