Login

Akwabaa ! sa dei,som betyr velkommen på Twi

Sommaren 2013 var familien Bellemakers i Ghana i 5 veker. To unge jenter, 13 og 16, og to inspirerte foreldre. Fyrst ei veke i Accra, som ei introduksjonsveke, og så 4 veker med frivilligarbeid på eit barnehjem og ein skule.

 

Den fyrste veka var veldig interessant, og eg merka at det var nokså viktig å læra korleis ein skulle oppføra seg med ghanesiske folk, litt om språket, og om kulturen. Me reista via organisasjonen Xplore, men i Ghana var det SYTO som tok seg av introduksjonsveka. Me sov i Pink Hostel, kvar mangen andre studentar frå ProjectsAbroad, ein anna studentorginisasjon også sov.

På måndagen var det den fyrste dagen me skulle vera med organisasjonen. Me kom til Ghana laurdag kveld, og på søndag hadde me vore å besøka eit historisk museum, og gått litt rundt omkring. Men på måndag skulle me altså vera med SYTO. Eigentleg skulle me på stranda, men fordi det var 1. juli, nasjonaldagen i Ghana, tenkte leiarane at det var altfor travelt og farleg for kvite turistar å vera på stranda. Så me fann ut at det var smartare å dra til stranda dagen etter. Derfor lærte me litt Twi, som er det største av ca. 60 små, ghanesiske språk og me var på noko dei kalla ”city tour”, kvar dei viste oss i ein liten buss korleis marked og slikt går føre seg i Ghana. Tysdagen var me på stranda, onsdagen laga me ghanesisk mat, torsdagen var me på ein tromme- og danseworkshop, og på fredagen var dagen der. Me skulle reise til prosjekta våre. To stykk skulle lengre nord, ei jente skulle til ei lita bygd ikkje så langt vekke fra Accra, og me skulle til Nsutem.

Eg huskar utrulig godt at me kjørte gjennom nokre små gater, med hus av leira og strå tak. Eg var så ufattelig spent, men på same tid litt redd. Kva om ungane ikkje likte meg? Kva om dei ikkje ville leka med nokon av oss?

Mamma opna døra og eg gjekk ut. Sola steikte på hovuda våras. Ungar storma bort til oss, klemte og helsa.

–       Akwabaa !  sa dei, som betyr velkommen på Twi. Den dagen var utrulig spesiell. Eg møtte, for fyrste gong, ungane som eg faktisk skapa eit veldig sterkt band med. Dagane flaug forbi, og me lærte namna betre og betre. Etter ei halv veke var i alle fall ikkje eg i tvil om kven som var kven!

 

Tysdagen etter me kom, var det to bursdagsbarn på barnehjemmet. Dei vaksne sa at dei skulle utsetja det til laurdag, for då var det helg. På laurdagen vart det fyrst og fremst synging til bursdagsbarna, men ungar begynte også å kasta vatn, mel, ris, og mykje meir på bursdagsbarna. Me, som frivilligarar var heilt forvirra, men då dei vaksne forklarte at på bursdagen til ghanesiske barn kan du gjer alt ”slemme” som du vil mot bursdagsbarnet, i  5 minutt, forstod me litt meir. Etterpå var det selvfølgelig feiring, med dans og sang, men fyrst, kasting av mel. Då musikken blei skrudd på, vart det dansing. Musikken hadde anna rytme, anna tekst og det som overaska oss mest var nok dansinga. Alle dansa som nokon fleksible gummistrikkar. Eg prøvde å gjera litt som det samme som dei, men ungane såg at eg ikkje var noko særleg flink, så dei satte i gang med å læra meg. Eg fann ut at ghanesisk dans er ikkje heilt mi greie, så det endte opp med at eg og storesøstera mi dansa til ”Gangnam Style”.

 

På skulen var alt så sjokkerande annleis enn eg var vane med. Lærarane, utsyret, sjølve bygget, og ikkje minst skulebussen. Den rullande kassa kjørte i fleire timar for å henta ungar som budde langt ifrå Bright Foundation Prepary School, privatskulen me jobba på. Når skulebussen var komt, begynte skulen, om den kom klokka 8 eller halv 10. Då stilte alle barna opp i uniform, og dei som gløymde fekk straff. Etter eit kvarter med song og bønn vart det marsjering inn til klasserommet.

Den andre helga tok me ungane på tur til Boti Falls, ein turist attraksjon med to fantastisk flotte fossar. Bading var på programmet, men ikkje for lenge, for det var kanskje skulme parasitter i vatnet som me helst ikkje ville ta med oss heim. Barna storkoste seg, og smilet på fjeset deira den dagen kjem eg aldri til å gløyme.

 

Dei to neste vekene var ubeskrivelige. Eg innsåg at me nerma oss slutten, men ville absolutt ikkje tenka på det. Eg tenkte på huset vårt heima. Hagen, naturen, elektronisk bortskjemmeri. Eg følte meg så skyldig, tenkte at eg aldri ville dusja eller vera på dataen igjen.

Den siste kvelden hadde barnehjemmet organisert ein slags tradisjonell avskjedsfest. Ungane var kledde ut som bønder meg babypudder som skjegg. Me hadde lekar og alle storkoste seg. Me fekk eit knallfint smykke og eit armbånd av skjell. Etterpå stod ungane i kø bak kvarandre. Me blei fortalt at dette skulle vera ”den siste klemmerunden”. Tårene fossa nedover kinna, og nåken av ungane blei også emosjonelle. Dei yngste forstod ingenting. Å bare sjå på dei fantastisk flotte ungane som du har levd med dei siste 4 vekene, og tenka at dette var siste gong du såg dei, var ein av dei mest forferdelige tinga eg har vore med på i mitt liv. Men alt tar slutt. Nå ser eg tilbake på barnehjemmet med eit smil. Sjølv om det er heilt ufattelig at eg skriv dette på data, mens dei fortsatt dusjer med bøtter, kjem eg til å huske desse vekene til den dagen eg døyr.

 

Dette er et reisebrev fra en av deltakere på vår Frivillig Ghana program i 2013.

Hjem » Reisebrev » Akwabaa ! sa dei » som betyr velkommen på Twi

Vårt neste infomøte er i . Bli med, eller se alle de neste infomøtene her!