Mitt opphald i Zambia

 

Reisebrev frå Zambia

Saman med seks andre frivillige frå rundt om i verda vart eg 16. Juni 2014 henta av African Impact på flyplassen i Livingstone i Zambia. Me var spente og lurte med iver på  kva dei neste vekene ville bringe. Me blei tatt godt i mot av både dei andre frivillige og personalet då me kom til heimen vår for dei neste vekene og følte fort at dette var ein plass me ville trivast.  Frivilligheitshuset i Livingstone var ein flott plass å vera. I tillegg til ei romsleg stove med tv og dei mjukaste sofaene ein kan tenkje seg, var det både kjøkken, store samlingsbord både ute og inne samt badebasseng og klatrevegg i "hagen."

Som frivillig i Livingstone er det tre ulike prosjekt å velje mellom, men alle bur saman og utførar dei same samfunnsaktivitetane om ettermiddagen. På føremiddagen derimot er ein delt inn etter lærar/læring, sport og medisin. Eg deltok på prosjektet sport og samfunn der me om føremiddagen var rundt på forskjellige skular og "underviste"i gym. Me var på ein ny skule kvar dag og hadde tre klassar til dagen. Eine veka hadde me HIV/AIDS som tema og då lærte me elevane kva HIV er, korleis det spreier seg og korleis ein kan beskytte seg mot det. I tillegg hadde me leikar der me hadde ei frisk celle og ei hiv celle som konkurrerte mot kvarandre i staden for den vanlige katt og mus.

Om ettermiddagane vart alle frivillige fordelt rundt på ulike samfunnsprosjekt som roterte kvar dag. Eg fekk mellom anna vere med på leseklubb, kunstklubb, SFO, vaksen opplæring og vatning på gard. Eg hugsar spesielt ein av ettermiddagsaktivitetane eg var med på svært godt. Eg og ei jente frå Belgia skulle på vaksenopplæring der me skulle jobbe med staving med fokus på når ein skulle bruke stor forbokstav. Me visste i utgangspunktet at det nok ikkje ville dukke opp mange, men den eine mannen som kom var god nok for mange. Han var så villig og interessert i å lære og den gleda i augo hans når me nikka at han hadde skreve rett gjorde at me begge la oss med eit smil om munnen den kvelden. Denne opplevinga gav oss verkeleg forståing av kor viktig prosjektet me var med på faktisk er for lokalbefolkninga og kor mykje dei treng oss.

Ein vanleg dag i Zambia startar i 07 tida med frukost før avreise til prosjekta klokka 07.45. 11-11.30 er formiddagsaktiviteten over og det er "heim" for lunsj klokka 12 før utkjøring til nye aktivitetar klokka 14. Ettermiddagsaktivitetane er over rundt klokka 16 og då er det heimatt for avslapping før middag klokka 18. Resten av kvelden kan ein gjere som ein vil. Nokon slappar av med ei bok, andre skypar med dei heime og nokon tek ein tur på volleyballspeling med dei lokale. Vekene eg var i Zambia var midt under fotball VM så mange av kveldane vart og brukt til å hyle og skrike til TV-skjermen. Mange vågale veddemål vart og inngått der mellom anna ein skuffa amerikanar måtte gjere strikkhopp i Tysk landslagsdrakt etter eit forsmedeleg tap.

I helgene hadde me fri til å gjere kva me ville og eg fekk i løpet av dei to helgene eg var

der tid til litt av kvart. Eg var mellom anna på dagsafari både med båt og bil i  Chobe National Park i Botswana der me bland anna kom tett på både elefant, giraffe, buffalo og flodhest. Eg var og ein dag på Lion walk der me gjekk ein timestid fritt i naturen saman med tre store løver. Same kveld var me på cruise for å sjå solnedgang på Zambesi elva. Den siste helga sto både elefantriding, besøk i fantastiske Victoria Falls, Microlighting (ope helikopter) over Victoria Falls og strikkhopp på grensa til Zimbabwe på planen. Å hoppe 70 meter rett ut frå ei bru midt i Victoria Falls var både spennande og skummelt, men kjensla og adrenalinkicket etterpå var fantastisk.

Ein av dei siste dagane mine i Livingstone var eg og tre andre i gruppa så heldige at me fekk vere med på ”byttedag” med dei frivillige på løvefarmen eit lite stykke utføre Livingstone. Me fekk delta på ein heil dag med deira arbeid og dei med vårt. Me fekk mellom anna gå tur med løvene, gjere klar mat til dei, reingjere ”bura” og leggje ut maten me tidlegare hadde laga til, samt høgdepunktet: kose med dei sju veker gamle løveungane.

I løpet av opphaldet mitt i Zambia fekk eg og servert både krokodille og steikte larver samt lære zambisk dans av dei "innfødde." Befolkninga i Zambia generelt er veldig imøtekomande og hjelpsame og ein følar seg alltid velkommen. Ungane er sosiale og lett å bli kjende med og dei fleste både barn og vaksne snakkar litt engelsk. Tusen takk til African Impact og Goxplore for moglegheita til å reise til Zambia og verkeleg føle at ein får gitt noko "tilbake" til dei som treng det mest!

Reisebrev fra 2014

Lyst til å oppleve noe lignende?! Dette er et reisebrev fra Community Service.

Ring eller send SMS

Hjem » Reisebrev » Mitt opphald i Zambia

Celina D bestilte Work & Travel Australia. Noe for deg?!